torsdag 24. april 2008

Å tolke tolking


Det har vori interessant å jobbe med norsk lyrikk. Vi fekk i oppgåve å skrive om eit dikt, for så å tolke det. Eg valte oppgåva som gjekk ut på å tolke og samanlikne dikta Farao på ferie og Alis kamp i Zaïre. Dette var ein interessant oppgåve fordi eg hugsa ikkje så mykje om boksekampen mellom Muhammed Ali og den regjerande verdsmeister Forman ΙΙ. Muhammed Ali vant, noe som var ein stor prestasjon, spesielt frå ein svart mann på denne tida. Det så også spennande ut med tanke på diktets oppbygning. Farao på ferie var eit meir morosamt dikt. Dikta var på ein måte veldig forskjellige, samtidig som dei hadde en del like kjenneteikn. Det var morosamt å sjå korleis desse to dikta blei meir og meir like, med tanke på verkemidlar, ettersom eg gjekk djupare og djupare inn i tolkinga på dei. Ein kunne sjå at forfattarane likte å bruke verkemidlar, og dermed lærte jo også eg som lesar masse om verkemidlar. Eg lærte at jo djupare ein gjekk inn i ein tolking, jo meir lærte du og forstod av diktet.


Ingen kommentarer: